Lov
§ 9-11. Midlertidig avgjerd om barnebidrag
Midlertidig avgjerd om barnebidrag
Arbeids- og velferdsetaten kan utan opphald fastsetje eit midlertidig barnebidrag. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at partane får seie si meining.
Arbeids- og velferdsetaten kan etter krav ta midlertidig avgjerd om å redusere barnebidrag utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom Arbeids- og velferdsetaten finn det klart at vilkåra for det er til stades.
Midlertidig avgjerd etter første og andre ledd gjeld tidlegast frå den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.
Når sak om barnebidrag skal avgjerast av retten, gjeld paragrafen her tilsvarande. Midlertidig barnebidrag skal fastsetjast av retten i orskurd.
Arbeids- og velferdsetaten kan raskt fastsetje eller redusere barnebidraget midlertidig. I enkelte tilfelle kan dette skje utan at partane får uttale seg. Slike avgjerder gjeld fram til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.AI
Sammenheng
Koblinger for § 9-11 i barnelova-2025.