Lov
§ 9-10. Forholdet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane
Forholdet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane
I klagesaker og i saker om endring av barnebidrag etter § 9-9 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre bidrag etter barnelova og ekteskapsloven endå om ingen av partane krev det.
I tilfelle der bidragspliktige med fleire barn ikkje har full bidragsevne, der samla bidragsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta, eller der oppfostringstilskot er fastsett etter barnevernsloven § 15-12, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av barnebidraget til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om bidragspliktig har barn med same bidragsmottakar eller fleire bidragsmottakarar. Lova § 9-5 andre ledd og § 9-9 første ledd gjeld tilsvarande. Departementet kan gi forskrift om samla forholdsmessig fastsetjing av bidrag.
Myndighetene kan i visse saker fatte beslutninger som går utover det partene har bedt om. De kan også endre bidrag uten at noen av partene har krevd det, eller foreta en samlet fastsettelse av bidraget hvis betaleren ikke har full betalingsevne.AI
Se ogsåBarnelova § 9-9Barnevernsloven § 15-12Barnelova § 9-5 første ledd
Sammenheng
Koblinger for § 9-10 i barnelova-2025.