Hopp til innhold
Lov

§ 4-5. Vilkår og fristar for å reise sak om endring av farskap eller medmorskap

Barnelova·Kapittel 4. Rettargang i saker om foreldreskap

Vilkår og fristar for å reise sak om endring av farskap eller medmorskap

Eit barn kan alltid reise sak om endring av farskap eller medmorskap. Er barnet mindreårig, blir saka reist av ei midlertidig verje. Har barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsetaten reise saka. Kvar av foreldra kan reise farskapssak etter å ha lagt fram opplysningar som tyder på at nokon andre enn den som er rekna som far eller medmor, kan vere far til barnet. Ein må reise saka innan eitt år etter at ein fekk kjennskap til opplysningane. Dersom ein fekk kjennskap til dei før barnet vart født, har ein likevel frist fram til barnet fyller eitt år. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak er oppfylte, og kan i orskurd gjere unntak frå fristen når særlege grunnar taler for det. Ein som meiner å vere far til eit barn, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om endring av farskapen etter å ha lagt fram opplysningar som tyder på at han kan vere far til barnet. Retten kan i orskurd forlengje fristen når særlege grunnar taler for det. Reglane i andre ledd andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.

Bestemmelsen forklarer hvem som kan be retten om å endre hvem som er registrert som far eller medmor til et barn, samt hvilke tidsfrister som gjelder for å starte en slik sak.AI

omtalt i 1 kildereferert av 2

Sammenheng

Referert av2
Nevnt i1

Koblinger for § 4-5 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →