Jurisdiksjon i saker om foreldreskap
Ei sak om morskap kan handsamast i Noreg etter kapittel 4 og § 3-2 første ledd dersom
a) barnet har vanleg bustad i Noreg,
b) mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, eller
c) mora seinare har fått vanleg bustad i Noreg.
Farskap eller medmorskap kan handsamast i Noreg etter §§ 2-5, 2-6, 2-8 og kapitla 3 og 4 dersom
a) mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født,
b) barnet seinare har fått vanleg bustad i Noreg, eller
c) den oppgitte faren eller medmora har vanleg bustad i Noreg.
Ei sak om farskap og medmorskap skal likevel ikkje handsamast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing av foreldreskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten.
Ei sak om endring av farskap kan reisast i Noreg etter § 4-5 dersom nokon av dei som kan reise sak, har vanleg bustad i Noreg, eller dersom farskapen er fastsett etter denne lova.
Reglene bestemmer når norske domstoler kan behandle saker om foreldreskap. Dette gjelder for fastsettelse av morskap, farskap og medmorskap, samt endring av farskap, basert på hvor partene eller barnet bor.AI
Se ogsåBarnelova § 3-2Barnelova § 2-5Barnelova § 2-6Barnelova § 2-8referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 15-2 i barnelova-2025.