Hopp til innhold
Lov

§ 2-6. Farskap etter erklæring for barn født i utlandet

Barnelova·Kapittel 2. Kven som er foreldre til eit barn

Farskap etter erklæring for barn født i utlandet

Ein mann kan erklære farskap til eit barn født i utlandet, dersom barnet ikkje allereie har ein far etter reglane i denne lova. Dette kan skje skriftleg, ved personleg frammøte for utsend utanrikstenestetilsett eller Nav-kontor, når dette er i samsvar med reglane i § 15-2. Lova § 2-5 første ledd andre til fjerde punktum gjeld tilsvarande. Dersom opplysningane i saka ikkje gir grunnlag for å slå fast farskapen med rimeleg sikkerheit, kan myndigheita be om eigna prøve for DNA-analyse frå barnet, mora og den som vil erklære seg som far, i desse tilfella: a) når barnet, mora eller ein som vil erklære seg som far, ikkje kan dokumentere identiteten sin, eller b) når det er grunn til å tru at nokon har gitt urette opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet. Når ein som vil erklære seg som far, seier nei til å gi frå seg prøve etter andre ledd, eller når ein DNA-analyse viser at han ikkje er far til barnet, kan han ikkje erklære farskap. Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om erklæring av farskap til barn født i utlandet.

En mann kan erklære at han er far til et barn født i utlandet hvis barnet ikke allerede har en juridisk far. Myndighetene kan kreve DNA-prøve hvis identiteten er usikker eller det er mistanke om feilaktige opplysninger for å oppnå statsborgerskap.AI

Se ogsåBarnelova § 15-2Barnelova § 2-5referert av 5

Sammenheng

Se også2
Referert av5

Koblinger for § 2-6 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →