Lov
§ 3-3. Innhenting av prøver for DNA-analyse i saker om farskap
Innhenting av prøver for DNA-analyse i saker om farskap
I saker om farskap kan Arbeids- og velferdsetaten gi pålegg om at barnet, mora og den eller dei som kan vere far til barnet, skal gi frå seg eigna prøver til DNA-analyse. I særlege høve kan den som kan vere far, bli pålagd å gi frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født.
Dersom nokon ikkje rettar seg etter eit pålegg etter første ledd, kan retten ta avgjerd etter § 4-6 andre ledd.
Den som analysen peikar ut som far, skal oppmodast av Arbeids- og velferdsetaten til å erklære farskap etter §§ 2-5 eller 2-6.
Departementet kan gi forskrift om identitetskontroll, prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap og annan slektskap.
I saker om farskap kan styresmaktene pålegge barnet, mora og potensielle fedre å avgi prøver til DNA-analyse. Dette kan i særlege tilfelle skje før barnet er født. Den som blir peikt ut som far, skal oppmodast til å erklære farskap.AI
Se ogsåBarnelova § 4-6Barnelova § 2-5Barnelova § 2-6referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 3-3 i barnelova-2025.