Lov
§ 3-2. Det offentlege sitt ansvar for fastsetjing eller klarlegging av foreldreskap
Det offentlege sitt ansvar for fastsetjing eller klarlegging av foreldreskap
Dersom Arbeids- og velferdsetaten får greie på at det ikkje er klarlagt kven som er mor til eit barn, skal etaten om mogleg finne identiteten til den som har født barnet.
Dersom Arbeids- og velferdsetaten får greie på at eit barn ikkje har far eller medmor, skal etaten handsame saka for å få fastsett kven som er far eller medmor etter reglane i denne lova. Dersom mora har peika ut ein som kan vere far, skal Arbeids- og velferdsetaten melde frå til han. Dersom ein som er peika ut som far, ikkje erklærer farskap etter §§ 2-5 eller 2-6, eller dersom mora ikkje har peika ut nokon som far, kan etaten krevje at mora eller dei som kan vere far til barnet, gir forklaring.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av det offentlege si plikt til å få fastsett og klarlagt foreldreskap.
Sammenheng
Se også2
Referert av3
Koblinger for § 3-2 i barnelova-2025.