Hopp til innhold
Lov

§ 3-1. Plikt til å gi fødselsmelding

Barnelova·Kapittel 3. Det offentlege sitt ansvar for å fastsetje foreldreskap m.m.

Plikt til å gi fødselsmelding

Når eit barn er født, skal lege eller jordmor gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal det stå kven som er foreldra til barnet, eller kven mora har peika ut som far eller medmor til barnet. Når barnet er født utan lege eller jordmor til stades, skal mora sjølv gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho midlertidig held til i utlandet, skal ho gi melding til folkeregistermyndigheita innan åtte dagar etter at barnet er kome til Noreg. Fødselsmelding skal òg bli gitt når barnet er dødfødt. Fødselsmeldinga skal òg sendast til Arbeids- og velferdsetaten når farskap eller medmorskap enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman. Departementet kan gi forskrift om melding av fødslar.

Når et barn blir født, skal lege, jordmor eller moren melde fødselen til folkeregistermyndighetene. Meldingen skal inneholde informasjon om foreldrene, og gjelder også ved dødfødte barn.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i2

Koblinger for § 3-1 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →