Hopp til innhold
Lov

§ 2-5. Farskap etter erklæring for barn født i Noreg

Barnelova·Kapittel 2. Kven som er foreldre til eit barn

Farskap etter erklæring for barn født i Noreg

Ein mann kan erklære farskapen til eit barn født i Noreg, under svangerskapen eller seinare, dersom ikkje farskap allereie følgjer av reglane i denne lova. Erklæringa gjeld berre når ho er gitt av den som mora har peika ut som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Dersom den som vil erklære farskap etter denne paragrafen, er under 18 år, må dei som har foreldreansvaret for han, òg skrive under på erklæringa. Faren må identifisere seg på ein sikker måte. Farskap skal erklærast enten digitalt til Arbeids- og velferdsetaten eller skriftleg ved personleg frammøte for a) jordmor eller lege ved svangerskapskontroll eller fødsel, b) folkeregistermyndigheita (skattekontor), c) Nav-kontor, eller d) utsend utanrikstenestetilsett, dersom faren er i utlandet. Farskap kan òg erklærast ved returnering av skjema der Arbeids- og velferdsetaten oppmodar til å erklære farskap, jf. § 3-3 tredje ledd. Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om erklæring av farskap til barn født i Noreg.

En mann kan erklære at han er far til et barn født i Norge dersom farskapet ikke allerede er fastslått. Dette krever at moren har pekt ut mannen som far eller godtar erklæringen skriftlig.AI

Se ogsåBarnelova § 3-3referert av 6

Sammenheng

Se også1
Referert av6

Koblinger for § 2-5 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →