Barnebidrag og særbidrag
Ein forelder som ikkje bur saman med barnet, skal betale faste pengebidrag, barnebidrag, til forsørging og utdanning av barnet. Faste pengebidrag til barn over 18 år etter § 9-3 andre og tredje ledd er òg barnebidrag. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å betale pengebidrag når dei forsømmer forsørgaransvaret sitt etter § 9-1. Ingen kan gi avkall på den retten barnet har etter dette leddet.
Det er barnet som har rett på barnebidraget. Når ikkje noko anna er fastsett, skal barnebidraget betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur hos. Barnebidraget skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår, og ut den kalendermånaden vilkåra for barnebidrag fell bort.
Foreldra kan også påleggjast å betale særbidrag for særlege utlegg så lenge forsørgaransvaret varer. Utlegga må være rimelege og nødvendige og kan ikkje gå inn under dei utgiftene som barnebidraget skal dekke. Krav om særbidrag må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga er betalte. Departementet kan gi forskrift om særbidrag.
Foreldre som ikke bor sammen med barnet skal betale barnebidrag til barnets forsørging og utdanning. Barnet har rett på bidraget, og det kan også gis særbidrag for rimelige og nødvendige ekstrautgifter.AI
Sammenheng
Se også2
Referert av1
Koblinger for § 9-2 i barnelova-2025.