Hopp til innhold
Lov

§ 9-3. Kor lenge forsørgaransvaret varer

Barnelova·Kapittel 9. Forsørgaransvar og bidragsplikt m.m.

Kor lenge forsørgaransvaret varer

Ansvaret til foreldra etter §§ 9-1 og 9-2 varer til barnet er 18 år når ikkje anna er avtalt eller fastsett etter paragrafen her. Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang som må reknast som vanleg, har det krav på bidrag etter § 9-2 for den tida skulegangen varer. Det skal fastsetjast ei tidsgrense for krav på bidrag etter denne regelen. Foreldra kan også påleggjast å betale bidrag etter § 9-2 til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter interessene og evnene til barnet, og ut i frå moglegheita barnet har til å skaffe seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og forholda elles. Det skal fastsetjast ei tidsgrense for krav på bidrag etter denne regelen.

Foreldre har i utgangspunktet ansvar for å forsørgje barnet til det er 18 år. Barnet kan ha krav på bidrag etter dette dersom det går på vanleg skule eller i visse tilfelle ved anna vidareutdanning.AI

Se ogsåBarnelova § 9-1Barnelova § 9-2referert av 2

Sammenheng

Se også2
Referert av2

Koblinger for § 9-3 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →