Lov
§ 13-3. Retten si plikt til å ta opp sak om foreldreansvar etter dødsfall av eige tiltak
Retten si plikt til å ta opp sak om foreldreansvar etter dødsfall av eige tiltak
Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald handsame sak om foreldreansvar når han får melding etter arveloven § 89 om at eit dødsfall fører til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn. Den som ønskjer foreldreansvaret, kan vende seg til retten der barnet bur.
Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta midlertidig avgjerd om foreldreansvaret når han får melding om at den attlevande forelderen er sikta eller tiltalt for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, og den attlevande forelderen har eller krev å få foreldreansvaret. Retten tek avgjerda i orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling først. Dersom ei midlertidig avgjerd fører til at ingen har foreldreansvaret, skal retten gi melding som nemnd i § 13-2 tredje ledd.
Så lenge ei midlertidig avgjerd om å ta foreldreansvaret frå den attlevande gjeld, skal den attlevande ikkje bu saman med barnet eller ha samvær med det.
Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald avgjere kven som skal ha foreldreansvaret når det er teke ei midlertidig avgjerd og ingen har reist sak etter § 13-1. Dette gjeld ikkje dersom det etter andre ledd er teke avgjerd om at ingen skal ha foreldreansvaret, og det er gitt melding som nemnd i § 13-2 tredje ledd.
Reglane i § 13-2 gjeld så langt dei høver for saker etter denne paragrafen.
Se ogsåArveloven § 89Barnelova § 13-2Barnelova § 13-1referert av 3 →
Sammenheng
Referert av3
Koblinger for § 13-3 i barnelova-2025.