Hopp til innhold
Lov

§ 13-2. Retten si avgjerd i saker om foreldreansvar etter dødsfall

Barnelova·Kapittel 13. Særlege reglar om rettargang i saker om foreldreansvar m.m. etter dødsfall

Retten si avgjerd i saker om foreldreansvar etter dødsfall

Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Retten kan la ein forelder få eller framleis ha foreldreansvaret sjølv om andre får foreldreansvar. Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal måtte flytte frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte. Når fleire får foreldreansvar, skal retten òg ta avgjerd om kven barnet skal bu saman med, kven som skal ha dagleg myndigheit for barnet, og fastsetje samvær. Retten kan alltid ta avgjerd om samvær for den attlevande forelderen. Retten skal gi melding til den kommunale barnevernstenesta og statsforvaltaren dersom ingen har vendt seg til retten etter § 13-3 første ledd, eller dersom avgjerda fører til at ingen har foreldreansvar for barnet. Barnevernstenesta skal ta avgjerd om kor barnet skal bu, og skal følgje opp barnet etter reglane i barnevernsloven. Reglane om rettargang i kapittel 11 og 12 gjeld elles så langt dei høver.

Retten bestemmer hvem som skal ha foreldreansvaret etter et dødsfall. Dette kan være én person alene eller flere sammen. Retten kan også bestemme hvor barnet skal bo, hvem som har daglig myndighet og hvordan samværet skal være.AI

Se ogsåBarnelova § 13-3referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 13-2 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →