Vedtak om tvangskraft for avtalar
Når begge foreldra ber om det, kan statsforvaltaren vedta at ein skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær skal få tvangskraft. Berre ein avtale som rettar seg etter kva som er best for barnet, kan få tvangskraft. Når det trengst for å opplyse saka, bør statsforvaltaren hente inn fråsegn frå sakkunnige, barnevernstenesta eller sosialtenesta.
Eit vilkår for å leggje saka fram for statsforvaltaren etter første ledd er at foreldra kan leggje fram ein gyldig meklingsattest.
Saka må leggjast fram for statsforvaltaren i det fylket der barnet bur på den tida saka blir reist.
Ein avtale som statsforvaltaren har gitt tvangskraft, utgjer særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.
Foreldre kan be statsforvalteren om at en skriftlig avtale om foreldreansvar, bosted og samvær skal få tvangskraft. Dette krever at avtalen er til barnets beste og at det foreligger en gyldig meklingsattest.AI
Sammenheng
Referert av3
Nevnt i2
Koblinger for § 14-1 i barnelova-2025.