Kven som har foreldreansvaret
Foreldre har felles foreldreansvar for barn dei har saman.
Foreldre som separerer eller skil seg eller flytter frå kvarandre, har framleis felles foreldreansvar, men dei kan avtale at den som bur saman med barnet, skal ha foreldreansvaret aleine.
Dersom foreldra ikkje bur saman når barnet blir født, og mora ønskjer foreldreansvaret aleine, kan ho gi melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå farskapen vart fastsett. Faren kan òg gi melding om at han ikkje ønskjer felles foreldreansvar. Når ein av foreldra har gitt slik melding, får mora foreldreansvaret aleine.
Er foreldra ueinige, avgjer retten om foreldreansvaret skal vere felles eller om ein av dei skal ha foreldreansvaret aleine.
Foreldre har som hovedregel felles foreldreansvar for barna sine. De kan avtale at én av dem skal ha ansvaret alene hvis de ikke bor sammen. Hvis foreldrene er uenige, er det retten som avgjør hvem som skal ha ansvaret.AI
Sammenheng
Koblinger for § 6-1 i barnelova-2025.