Lov
§ 9-15. Krav om tilbakebetaling av bidrag når farskapen blir endra
Krav om tilbakebetaling av bidrag når farskapen blir endra
Blir nokon som har betalt pålagt eller avtalt bidrag til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen tilbakebetalt frå folketrygda. Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå bidraget vart betalt, og til det blir betalt tilbake. Ei indeksregulering skal likevel først gjerast etter at det er teke omsyn til frådraga den frikjende faren tidlegare har fått i skattefastsetjinga si for betalt bidrag. Fordelen av det tidlegare frådraget i skattefastsetjinga skal setjast til 20 prosent. Kravet kan reduserast eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære farskapen, eller at han burde ha reist sak om endring tidlegare.
Ein mann som er pålagd bidragsplikt, men ikkje farskap, kan krevje pengane tilbakebetalt frå folketrygda dersom ein DNA-analyse viser at han ikkje kan vere far til barnet. Første ledd gjeld tilsvarande så langt det høver.
Den som blir friteken for farskapen, kan ikkje krevje pengane tilbakebetalt frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet.
Departementet kan gi forskrift om tilbakebetaling av bidrag ved endring av farskap.
En person som har betalt barnebidrag, men som senere blir fritatt for farskapen, kan kreve pengene tilbakebetalt fra folketrygden. Beløpet skal prisjusteres, men det gjøres fradrag for tidligere skattefordeler. Kravet kan reduseres eller bortfalles i visse tilfeller.AI
Sammenheng
Nevnt i2
Koblinger for § 9-15 i barnelova-2025.