Lov
§ 4-7. Vilkåra for å avseie dom i foreldreskapssak
Vilkåra for å avseie dom i foreldreskapssak
Dersom nokon blir peika ut som far etter DNA-analyse, skal det avseiast dom for at han er far.
Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller nærståande slektningar også kan vere moglege fedre, gjeld dei alminnelege reglane om bevisvurdering.
Er det utført assistert befruktning på mora med samtykke frå ektefellen eller sambuaren og det ikkje er fastsett farskap eller medmorskap, skal det avseiast dom for at ektefellen eller sambuaren er forelder, med mindre det er lite truleg at barnet er blitt til ved assistert befruktning.
Ein som er sæddonor etter bioteknologiloven, kan ikkje dømast til far, med mindre han er ektefelle eller sambuar til mora.
Reglene bestemmer når det skal avsis dom om hvem som er far eller forelder. Dette skjer vanligvis ved DNA-analyse eller ved assistert befruktning med samtykke, mens sæddonorer som hovedregel ikke kan dømmes til far.AI