Hopp til innhold
Lov

§ 5-2. Kven som kan vere part i ei slektskapssak

Barnelova·Kapittel 5. Rettargang i andre slektskapssaker enn foreldreskapssaker

Kven som kan vere part i ei slektskapssak

Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt. For å ivareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att. Retten skal gi melding til Arbeids- og velferdsetaten om at ei sak er reist, og skal òg gi slik melding dersom nokon av partane ikkje møter. Dersom nokon som påstår å vere lenger ute i slekt, har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å tre inn i saka og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att. Døyr ein part før det er gitt dom, kan dei næraste slektningane av den avdøde i rett opp- eller nedstigande line halde fram med saka. Døyr ein part etter at det er gitt dom, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar som dommen rører ved interessene til, anke eller krevje at saka blir teken opp att.

Reglene bestemmer hvem som kan starte og delta i en rettssak om slektskap. Det fremgår også hvem som kan overta saken dersom en part dør, og hvilken rolle Arbeids- og velferdsetaten har i slike saker.AI

Les hele loven i sammenheng →