Rett til opplysningar om barnet
Personar med foreldreansvar har etter førespurnad rett til opplysningar om barnet. Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne forelderen etter førespurnad gi den andre forelderen opplysningar om barnet. Den andre forelderen har etter førespurnad også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialtenesta, barnevernet og politiet, om ikkje opplysningane er omfatta av lovfesta teieplikt som gjeld overfor foreldra. Det kan nektast å gi slike opplysningar etter leddet her dersom det kan vere til skade for barnet å gi dei ut.
Avslag på krav om opplysningar etter første ledd første punktum eller tredje punktum kan påklagast til statsforvaltaren etter reglane i forvaltningsloven. Avslag på krav om opplysningar frå den andre forelderen kan likevel ikkje påklagast.
I særlege høve kan statsforvaltaren avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her.
Foreldre med foreldreansvar har rett til informasjon om barnet. Foreldre uten foreldreansvar har også rett til informasjon fra forelderen med ansvar, samt fra skole, barnehage og offentlige tjenester, med mindre det er snakk om taushetsplikt eller informasjon som kan skade barnet.AI