Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 76. Førebels avgjerd i tilskotssaker

Barnelova·Kapittel 8. Fostringsplikt.·Sist endret 1. april 2004

Førebels avgjerd i tilskotssaker

Tilskotsfuten kan utan opphald fatsetje eit førebels tilskot. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining. Tilskotsfuten kan etter krav ta førebels avgjerd om å setje ned tilskot utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom tilskotsfuten finn det klårt at vilkåra for det er til stades. Førebels avgjerd etter første og andre stykket gjeld frå og med den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka. Når tilskotssaka skal avgjerast av retten, gjeld paragrafen her på tilsvarande måte. Førebels tilskot skal fastsetjast av retten i orskurd.

Tilskotsfuten kan ta raske, førebels avgjerder om å fastsetje eller setje ned tilskot. I hastesaker kan dette skje utan at motparten blir høyrd. Slike avgjerder gjeld fram til saka er endeleg avgjord.AI

Endret 2. juni 2017
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 17 des 1993 nr. 130 (ikr. 1 jan 1994), 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003 iflg. res. 31 jan 2003 nr. 78), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728, tidlegare § 59).

referert av 2

Sammenheng

Referert av2
Endringshistorikk2

Koblinger for § 76 i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →