Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 80. Tilbakesøking av fostringstilskotet når farskapen vert endra

Barnelova·Kapittel 8. Fostringsplikt.·Sist endret 1. januar 2017

Tilbakesøking av fostringstilskotet når farskapen vert endra

Vert nokon som har betalt pålagt eller avtala fostringstilskot til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen betalt attende frå folketrygda. Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå tilskotet vart betalt, og til det vert betalt attende. Ei indeksregulering skal likevel først gjerast etter at det er teke omsyn til frådraga den frikjende faren tidlegare har fått i skattefastsetjinga si for betalt tilskot. Fordelen av det tidlegare frådraget i skattefastsetjinga skal setjast til 20 prosent. Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære farskapen, eller at han burde ha reist sak til endring tidlegare. Ein mann som er pålagd fostringsplikt, men ikkje farskap, kan krevje pengane betalte attende frå folketrygda dersom ein DNA-analyse viser at han ikkje kan vere far til barnet. Første stykket gjeld tilsvarande så langt det passar. Den som vert friteken for farskapen, kan ikkje søkje pengane attende frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om tilbakesøking av fostringstilskot etter lova her.

Hvis en mann har betalt bidrag til et barn, men senere blir fritatt for farskapet, kan han kreve pengene tilbake fra folketrygden. Beløpet skal prisjusteres, men det gjøres fradrag for tidligere skattefordeler. Kravet kan reduseres eller bortfalle under visse omstendigheter.AI

Endret 21. juni 2013
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728, tidlegare § 62), 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 7 apr 2006 nr. 392), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703), 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).

omtalt i 2 kilderreferert av 2

Sammenheng

Referert av2
Nevnt i2
Endringshistorikk3

Koblinger for § 80 i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →