Forskrift
Nynorsk
§ 11. Intern tryggleik og beredskap
Intern tryggleik og beredskap
Følgjande dokumentasjon om intern tryggleik og beredskap skal takast vare på for ettertida:
a) dokumentasjon som gjeld strategi og styring
b) interne instruksar og retningsliner
c) dokumentasjon som gjeld organisering av arbeid på området
d) dokumentasjon som gjeld leiinga si gjennomgang og evaluering av det førebyggjande arbeidet med tryggleik og beredskap
e) risiko- og sårbarheitsanalysar som har danna grunnlaget for strategi og retningsliner og leiinga sine avgjerder
f) rapportar til leiinga i verksemda og til det overordna departementet
g) beredskapsplanar og dokumentasjon som gjeld beredskapsplanlegging.
Statlege organ skal ta vare på dokumentasjon om intern tryggleik og beredskap for ettertida. Dette gjeld blant anna strategiar, instruksar, analysar og beredskapsplanar.AI