Forskrift
Nynorsk
§ 48. Studentar på fagskolar
Studentar på fagskolar
Følgjande dokumentasjon om studentar på fagskolar skal takast vare på for ettertida:
a) dokumentasjon om kva studentar som har gått på kva skolar
b) dokumentasjon som gjeld fråvær, avbrot og årsaker til avbrota
c) sluttvurdering med standpunktkarakter og eksamenskarakter
d) terminvurdering og karakterar dersom utdanninga ikkje blir fullført
e) dokumentasjon om tiltak som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet
f) saker om rettar og plikter knytt til innhald og organisering av opplæringa
g) dokumentasjon om saker som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet
h) skademeldingar
i) dokumentasjon som gjeld særleg tilpassing av undervisninga eller eksamenssituasjonen på grunn av sjukdom, redusert funksjonsevne eller andre tilhøve som har noko å seie for opplæringssituasjonen og vitnemålet.
Denne regelen bestemmer hvilke opplysninger om studenter ved fagskoler som skal arkiveres og tas vare på for ettertiden. Dette inkluderer informasjon om skolegang, karakterer, fravær og skolemiljø.AI