Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6. Organisering og organisasjonsutvikling

Bevaringsforskrifta·Kapittel 2. Dokumentasjon frå statlege organ

Organisering og organisasjonsutvikling

Følgjande dokumentasjon om organisering og organisasjonsutvikling skal takast vare på for ettertida: a) dokumentasjon om den interne organiseringa b) dokumentasjon om interne organisatoriske arbeidsprosessar dersom dei medfører endringar i organisasjonsstrukturen c) organisasjonskart og planar d) utgreiing om og evaluering av den interne organiseringa e) instruksar og retningsliner som gjeld fordeling av myndigheit, oppgåver og ansvar f) utgreiing om og evaluering av leiings- og styringsstrukturen g) dokumentasjon som gjeld oppnemning av organ for samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakarorganisasjonar, og dokumentasjon som gjeld avtaler, forhandlingar og drøftingar h) dokumentasjon som gjeld organisering av og deltaking i internasjonalt samarbeid om eigenforvaltning. Dersom eit organ har oppretta interne utval eller prosjekt som skapar dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida etter reglane i dette kapittelet, skal dokumentasjon som gjeld organiseringa av utvalet eller prosjektet, òg takast vare på for ettertida. Dersom eit organ samarbeider med andre organ og skapar dokumentasjon som skal takast var på for ettertida etter reglane i dette kapittelet, skal dokumentasjonen som gjeld organiseringa av samarbeidet òg takast var på for ettertida.

Statlige organer må ta vare på dokumentasjon om hvordan de er organisert og hvordan organisasjonen utvikles. Dette inkluderer alt fra organisasjonskart og instruksjoner til avtaler om samarbeid med ansatte og internasjonale partnere.AI

Les hele forskriften i sammenheng →