Verkeområde, formål m.v
Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte
1) varer av edelt metall,
2) edelsteinar og perler,
3) kulturgjenstandar,
4) kunstverk, samleobjekt og antikvitetar,
5) motorvogner og tilhengjarar til motorvogner.
Departementet fastset nærare forskrifter om kva for varer og gjenstandar som skal reknast for omfatta av verkeområdet etter punkt 1 til 5.
Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.
Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.
Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.
Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar med omsyn til dei stadlege tilhøva.
Loven gjelder for næringsvirksomhet som handler med brukte eller kasserte varer som smykker, kunst, antikviteter og kjøretøy. Formålet er å hindre salg av stjålne gjenstander og hjelpe politiet med å finne slike ting.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 14. juni 2024 nr. 38 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 957).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Nevnt i2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 1 i brukthandellova.