Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 1-1. Verkeområde. Definisjonar

Burettslagslova·Kapittel 1. Innleiande føresegner

Verkeområde. Definisjonar

(1) Lova gjeld for burettslag. Med burettslag er meint eit samvirkeføretak som har til føremål å gi andelseigarane bruksrett til eigen bustad i føretakets eigedom (burett). Burettslag kan også drive verksemd som heng saman med buretten. (2) Samvirkeføretak som har til hovudføremål å gi andelseigarane bruksrett til fritidsbustad, skal berre reknast som burettslag dersom føretaket er stifta som burettslag. (3) Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.

Lova gjeld for burettslag, som er samvirkeføretak som gir andelseigarane rett til eigen bustad. Ho kan også gjelde for fritidsbustader dersom føretaket er stifta som eit burettslag.AI

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 1-1 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →