Lov
Nynorsk
§ 11-12. Ansvar for udekte skyldnader
Ansvar for udekte skyldnader
(1) Overfor kreditorar som ikkje har fått dekning etter § 11-7, og heller ikkje er tilstrekkeleg sikra ved avsetjing etter § 11-9 tredje ledd, heftar andelseigarane solidarisk, opp til verdien av det kvar har teke mot etter § 11-9 med frådrag for innskot. Overfor slik kreditor heftar dessutan medlemmene av avviklingsstyret solidarisk utan avgrensing om det ikkje blir godtgjort at dei har fare fram med tilbørleg aktsemd.
(2) I regressomgangen skal fordeling skje mellom andelseigarane i høve til det kvar enkelt har fått utdelt. Gjeldsbrevlova § 2 tredje ledd gjeld tilsvarande.
(3) Kreditors krav etter første ledd blir forelda tre år etter at den endelege oppløysinga er registrert i Føretaksregisteret.
Andelseiere kan bli solidarisk ansvarlige for gjeld som ikke er dekket ved oppløsning av borettslaget, begrenset til det de har mottatt fratrukket innskudd. Styremedlemmer kan bli ubegrenset ansvarlige hvis de ikke har vært aktsomme.AI
Se ogsåBurettslagslova § 11-7Burettslagslova § 11-9Gjeldsbrevlova § 2
Sammenheng
Koblinger for § 11-12 i burettslagslova.