Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11-9. Deling eller utbetaling

Burettslagslova·Kapittel 11. Oppløysing av burettslag

Deling eller utbetaling

(1) Deling av eignedelane eller utbetaling til andelseigarane kan ikkje skje før lagsskyldnadene er dekte, og det er gått minst to månader sidan siste kunngjering av kreditorvarsel etter § 11-4. (2) Deling av eignedelane eller utbetaling av overskot skal skje på grunnlag av innbyrdes verdi av bustadene. (3) Utdeling kan likevel skje når det berre står igjen uvisse eller omtvista skyldnader, og det blir sett av ein tilstrekkeleg sum til å dekkje dei. Om ikkje anna er avtala, skal summen setjast inn på felleskonto for laget og den kreditoren det gjeld, slik at uttak ikkje kan skje utan skriftleg samtykke frå begge partar eller endeleg dom.

Når et borettslag oppløses, kan eiendeler deles ut eller penger betales ut til beboerne først etter at gjeld er betalt og kreditors varslingsfrist er utløpt. Fordelingen skal skje basert på boligenes verdi.AI

Se ogsåBurettslagslova § 11-4referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 11-9 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →