Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-10. Utløysing

Burettslagslova·Kapittel 4. Andelseigarar, overgang av andelar m.m.

Utløysing

(1) Tingretten kan påleggje laget å løyse ut ein andelseigar dersom tungtvegande grunnar talar for utløysing som følgje av at 1) laget har mishalde pliktene i høve til andelseigaren vesentleg, eller 2) styre, generalforsamling eller nokon som representerer laget har handla i strid med §§ 7-13 eller 8-15, eller 3) det har oppstått eit alvorleg og varig motsetningsforhold mellom andelseigaren og andre andelseigarar når det gjeld drifta av laget. (2) Ein påstand om utløysing kan ikkje takast til følgje dersom utløysing vil verke urimeleg mot laget. Sak med påstand om utløysing må reisast innan rimeleg tid. (3) Utløysingssummen skal setjast til det andelen var verd like før utløysingsgrunnen kom opp. (4) Etter utløysing skal andelen slettast om han ikkje kan seljast innan tre månader, og bustaden kan leigast ut. Det kan knytast ny andel til bustaden etter reglane i § 3-2 andre ledd.

Tingretten kan pålegge et borettslag å kjøpe ut en andelseier hvis det foreligger tungtveiende grunner. Dette kan skje ved vesentlig mislighold fra laget, lovbrudd fra ledelsen eller alvorlige og varige konflikter om driften.AI

Se ogsåBurettslagslova § 7-13Burettslagslova § 8-15Burettslagslova § 3-2

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 4-10 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →