Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 3-2. Endring av talet på andelar

Burettslagslova·Kapittel 3. Andelskapital

Endring av talet på andelar

(1) Det skal vere knytt ein andel til kvar av bustadene som er med i byggje- og finansieringsplanen, bortsett frå bustader som skal leigast ut. (2) Styret kan vedta å auke talet på bustader eller knyte andelar til bustader som før har vore brukte eller tenkt brukte til utleige. Vedtaket krev samtykke frå generalforsamlinga med to tredjedels fleirtal. Pålydande på dei nye andelane og over- eller underkurs ved innbetaling skal gå fram av vedtaket. (3) Styret kan gjere avtale med ein eller fleire andelseigarar om innløysing av andel. Avtalen skal opplyse om innløysingssummen og krev samtykke frå generalforsamlinga med to tredjedels fleirtal. (4) Styret kan godkjenne samanslåing av andelar i samband med samanslåing av bustader. (5) Talet på andelar kan ikkje endrast til berre ein. Er det berre ein bustad igjen i laget, skal laget reknast som oppløyst, og andelseigaren eller andelseigarane som har retten til bustaden, får personleg ansvar for skyldnadene.

Hver bolig i et borettslag skal normalt ha en tilknyttet andel, med unntak av utleieboliger. Det er strenge regler for når styret kan endre antall andeler, eller når andeler kan slås sammen eller kjøpes ut.AI

referert av 5

Sammenheng

Referert av5
Endringshistorikk1

Koblinger for § 3-2 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →