Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-12. Rettsovergang til nærståande og enkelte andre

Burettslagslova·Kapittel 4. Andelseigarar, overgang av andelar m.m.·Sist endret 1. januar 2026

Rettsovergang til nærståande og enkelte andre

(1) Forkjøpsrett kan ikkje gjerast gjeldande når andelen går over til ektemake, til andelseigarens eller ektemakens slektning i rett opp- og nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står i same stilling som livsarving, til sysken eller til nokon annan som i dei to siste åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren. Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over på skifte etter separasjon eller skilsmål, eller når ein husstandsmedlem tek over andelen etter føresegnene i husstandsfellesskapsloven § 3. (2) Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over frå ein andelseigar som nemnd i § 4-2 første ledd til leigaren av den bustaden som andelen er knytt til. (3) Forkjøpsretten kan heller ikkje gjerast gjeldande når ein leigar eller deleigar nyttar seg av kjøpsretten i ein leige til eige- eller deleigeavtale som nemnd i § 4-3 a første og andre ledd. (4) Føresegnene i paragrafen her kan ikkje fråvikast.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 25 apr 2008 nr. 11 (ikr. 1 juli 2008 iflg. res. 25 apr 2008 nr. 413), 19 des 2025 nr. 114 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 des 2025 nr. 2708).

Se ogsåHusstandsfellesskapsloven § 3Burettslagslova § 4-2Burettslagslova § 4-3 aomtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også3
Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 4-12 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →