Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-15. Skadebotansvar i høve til andre andelseigarar

Burettslagslova·Kapittel 5. Bustadene

Skadebotansvar i høve til andre andelseigarar

(1) Dersom andre andelseigarar lir tap som følgje av at andelseigaren ikkje oppfyller pliktene sine etter § 5-12, kan dei krevje skadebot av andelseigaren etter § 5-13 første ledd om ikkje tapet er omfatta av skadebotkrav frå laget. (2) For indirekte tap kan dei andre andelseigarane berre krevje skadebot dersom mishaldet kjem av feil eller forsøming på andelseigarens side. Som indirekte tap blir rekna 1) tap i næring, 2) tap som følgje av avbrot i bruken av eigedommen eller delar av eigedommen, men ikkje kostnader med nødvendig innlosjering for andelseigaren eller annan brukar av bustaden, 3) tap som følgje av skade på anna enn bustad og vanleg tilhøyrsle til bustad. (3) Føresegnene i § 5-13 andre, fjerde og femte ledd og § 5-14 gjeld tilsvarande.

Hvis en andelseier ikke oppfyller pliktene sine og dette fører til økonomisk tap for andre andelseiere, kan disse kreve erstatning. For indirekte tap må det foreligge feil eller forsømmelse fra andelseierens side.AI

Se ogsåBurettslagslova § 5-12Burettslagslova § 5-13Burettslagslova § 5-14referert av 1

Sammenheng

Se også3
Referert av1

Koblinger for § 5-15 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →