Lov
Nynorsk
§ 6-13. Manglar ved medkontrahentens heimel o.a
Manglar ved medkontrahentens heimel o.a
(1) Mot eit rettserverv som byggjer på avtale med den som ut frå grunnboka hadde rett til å disponere, kan det ikkje gjerast gjeldande at den registrerte rettshavaren likevel mangla rett til å disponere. Vilkåret er at rettservervet er registrert, og ervervaren var i god tru ved registreringa. Konflikten mellom fleire som har utleidd sin rett frå den registrerte rettshavaren, blir regulert av §§ 6-5 til 6-11.
(2) Det som er sagt i første ledd, gjeld ikkje der nokon er registrert som rettshavar på grunnlag av eit dokument som er ugyldig på grunn av falsk, forfalsking, tvang som nemnd i avtaleloven § 28, eller fordi utferdaren var mindreårig.
(3) Første og andre leddet gjeld tilsvarande der nokon i god tru har betalt leige eller retta ei oppseiing eller liknande til den som ut frå grunnboka er rette mottakar.
(4) Paragrafen her endrar ikkje det som følgjer av ekteskapsloven § 32, jf. § 35.
Regelen beskytter den som kjøper eller erverver en rett i god tro basert på informasjon i grunnboken. Selv om selgeren egentlig ikke hadde rett til å disponere over eiendommen, er ervervet gyldig hvis det er registrert. Dette gjelder ikke ved dokumentforfalskning, tvang eller hvis selgeren var mindreårig.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 17 juni 2005 nr. 94 (ikr. 15 aug 2005 iflg. res. 1 juli 2005 nr. 753).
Se ogsåBurettslagslova § 6-5Burettslagslova § 6-11Avtaleloven § 28Ekteskapsloven § 32referert av 1 →
Sammenheng
Se også5
Referert av1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 6-13 i burettslagslova.