Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-10. Røysterett. Habilitet

Burettslagslova·Kapittel 7. Generalforsamlinga·Sist endret 1. januar 2026

Røysterett. Habilitet

(1) Kvar andelseigar har ei røyst på generalforsamlinga, sjølv om andelseigaren har fleire andelar. Ein andelseigar kan dessutan røyste som fullmektig for ein annan andelseigar. For ein andel med fleire eigarar kan det berre bli gitt ei røyst. (2) Ingen kan sjølv eller ved fullmektig eller som fullmektig røyste på generalforsamlinga om avtale med seg sjølv eller nærståande eller om ansvar for seg sjølv eller nærståande i høve til laget. Det same gjeld for røysting om pålegg om sal eller krav om fråviking etter §§ 5-22 og 5-23. (3) Departementet kan gi forskrift om røysterett på generalforsamlinga ved bruk av avtale om leige til eige eller deleige i laget.

Hver andelseier har én stemme på generalforsamlingen, uavhengig av antall andeler. Man kan stemme som fullmektig for andre. Personer kan ikke stemme i saker der de selv eller deres nærstående har en personlig interesse eller et ansvar.AI

Endret 19. desember 2025
Endringshistorikk (2)
  • 19. desember 2025Endringslov til burettslagslova og eierseksjonsloven (tilrettelegging for boligkjøpsmodeller)
  • 17. juni 2005Endringslov til burettslagslova mv.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 19 des 2025 nr. 114 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 des 2025 nr. 2708).

Se ogsåBurettslagslova § 5-22Burettslagslova § 5-23omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 7-10 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →