Lov
Nynorsk
§ 8 a. Masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål
Masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål
Husbanken kan utan hinder av teieplikt hente inn registrerte opplysningar om ei større mengd namngjevne mottakarar av bustøtte for elektronisk samanlikning med opplysningar i eit anna register (masseinnhenting). Opplysningar om husstandsmedlemmene til mottakarane kan hentast inn på same måte. Husbanken kan òg hente inn opplysningar om bustader og kven som bur eller har budd i bustader som er del av ei sak om bustøtte. Føremålet med innhentinga må vere å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er eller har vore oppfylte.
Masseinnhenting kan skje frå register hos andre offentlege styresmakter, tilbydarar av posttenester eller frå Husbanken og kommunane sine eigne register.
Masseinnhenting kan gjelde opplysningar om inntekt eller andre økonomiske forhold, yrke (student/arbeidsledig/vernepliktig), bustad eller adresse, lovleg tilgang til opphald i riket og kven mottakaren bur saman med. Opplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10 kan ikkje masseinnhentast.
Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføringa av masseinnhenting. Departementet kan også i forskrift gje reglar om at masseinnhentinga skal kunne omfatte andre opplysningar enn dei som er nemnde i tredje ledd, dersom opplysningane er av tilsvarande art og ikkje fører til vesentlege personvernkrenkingar. Det kan også fastsetjast i forskrift kva register opplysningar kan hentast inn frå.
Noter (1)
- EndringTilføyd ved lov 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), endra ved lover 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591).