Lov
Nynorsk
§ 8 c. Innhenting av opplysningar frå tredjeperson
Innhenting av opplysningar frå tredjeperson
Kommunen, Husbanken eller særskilt utpeika einingar kan påleggje alle som kan ha informasjon som er eigna til å belyse saka, å gje opplysningar som er nødvendige for å avdekkje eller avgrense urettmessig utbetaling av bustøtte. Vilkåret er at det ligg føre ein rimeleg grunn til mistanke om at det er skjedd eller vil skje urettmessig utbetaling av bustøtte. Opplysningar kan krevjast også om andre enn mottakaren av bustøtte.
Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld for opplysningar som er henta inn etter paragrafen her, men den registrerte har først krav på informasjon når kontrollen er ferdig utført. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument m.m. i medhald av paragrafen her, skal gjere det utan hinder av teieplikt. Helseopplysningar som ligg under teieplikt i helsepersonelloven, kan ikkje hentast inn etter denne føresegna. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument, pliktar å gjere dette utan godtgjering. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.
Noter (1)
- EndringTilføyd ved lov 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), endra ved lov 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195).
Sammenheng
Koblinger for § 8 c i bustøttelova.