Lov
Nynorsk
§ 10-14. Oppløysing etter orskurd frå tingretten
Oppløysing etter orskurd frå tingretten
Dersom ikkje generalforsamlinga vedtek oppløysing, skal tingretten ved orskurd vedta laget oppløyst i desse tilfella
1) når laget ikkje har meldt til Føretaksregisteret eit styre som fyller dei vilkåra som følgjer av føresegner gitt i eller i medhald av lov,
2) når laget ikkje har meldt til Føretaksregisteret ein dagleg leiar som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov,
3) når laget ikkje har meldt til Føretaksregisteret ein revisor som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov,
4) når årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding som laget skal sende til Rekneskapsregisteret etter regnskapsloven § 8-2, ikkje er innsende innan seks månader etter fristen for slik innsending, eller når Rekneskapsregisteret når fristen er ute, ikkje kan godkjenne det innsende materialet som årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding.
Tingretten kan beslutte at et boligbyggelag skal oppløses dersom laget mangler lovlig styre, daglig leder eller revisor. Oppløsning kan også skje dersom årsregnskap, årsmelding og revisjonsmelding ikke er sendt inn eller godkjent innen seks måneder etter fristen.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 10-14 i bustadbyggjelagslova.