Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 13-2. Overgangsreglar

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 13. Ikraftsetjing. Overgangsreglar

Overgangsreglar

(1) Bustadbyggjelag som er stifta før lova her blei sett i kraft, kan registrerast i Føretaksregisteret sjølv om stiftinga ikkje er gjennomført etter §§ 2-1 til 2-7. Registrering må i tilfelle skje seinast seks månader etter konstituerande generalforsamling. (2) Føresegna i § 2-2 andre ledd gjeld ikkje for lag som lovleg hadde eit anna namn da lova blei sett i kraft. (3) Føresegna i § 3-1 første ledd om minste andelskapital gjeld ikkje for lag som er stifta før lova her blei sett i kraft. (4) Føresegna i § 3-1 tredje ledd om pålydande på andelane gjeld ikkje for andelar som er teikna i samsvar med gjeldande vedtekter, jf. sjuande ledd i paragrafen her. (5) Andelar kan overførast etter reglane i tidlegare gjeldande lov i eitt år etter at lova her blei sett i kraft, om ikkje anna blir fastsett i vedtektene. (6) Reglane om representantskap i kapittel 7 i lov 4. februar 1960 nr. 1 om boligbyggelag skal gjelde i eitt år etter at lova her blei sett i kraft, om ikkje anna blir fastsett i vedtektene. (7) Vedtekter og avtalar som er i strid med lova her, fell bort seinast eitt år etter at lova blei sett i kraft.

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 2-1Bustadbyggjelagslova § 2-7Bustadbyggjelagslova § 2-2Bustadbyggjelagslova § 3-1

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 13-2 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →