Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 3-1. Minstekapital

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 3. Kapitalen i laget·Sist endret 21. desember 2005

Minstekapital

(1) Laget skal ha ein andelskapital på til saman minst 100 000 norske kroner. (2) Laget skal ha minst tjue andelseigarar når det blir stifta. Stiftelsesloven kapittel 6 gjeld tilsvarande dersom laget ikkje lenger har andelseigarar. (3) Andelane skal lyde på minst 300 norske kroner, men ikkje meir enn 5 000 norske kroner. Det kan fastsetjast i vedtektene at andelane skal ha ulikt pålydande. (4) Om ikkje andelskapitalen åleine oppfyller kravet i første ledd, må ein eller fleire andelseigarar i tillegg til andelen skyte inn kapital i laget som skal reknast likt med andelskapital. Er ikkje anna avtala, kan slik innskotskapital krevjast tilbakebetalt dersom laget etter betalinga har ein eigenkapital på minst 100 000 norske kroner, og eigenkapitalen ikkje er openbert uforsvarleg ut frå risikoen og verksemda i laget, jf. § 3-3. (5) Med unntak for tilbakebetaling som nemnt i fjerde ledd kan andelskapitalen berre setjast ned dersom det trengst for å dekkje tap som ikkje kan dekkjast på anna vis.

Et boligbyggelag må ha en minimumskapital på 100 000 kroner og minst tjue andelseiere ved stiftelsen. Andeler skal ha en verdi mellom 300 og 5 000 kroner. Kapitalen kan normalt bare reduseres for å dekke tap som ikke kan løses på andre måter.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 21 des 2005 nr. 130.

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 3-3referert av 7

Sammenheng

Se også1
Referert av7

Koblinger for § 3-1 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →