Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-10. Krav til innkallinga

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 5. Generalforsamlinga

Krav til innkallinga

(1) Alle andelseigarar med kjend adresse skal ha skriftleg innkalling som opplyser om tid og stad for møtet. Skal andelseigarane vere representerte ved delegerte på generalforsamlinga, jf. § 5-3, er det nok å sende innkallinga til dei delegerte. (2) Innkallinga skal sendast slik at ho til vanleg er komen fram seinast ei veke før møtet skal haldast, om det ikkje er fastsett lengre frist i vedtektene. Slik vedtektsføresegn gjeld ikkje for innkalling etter § 5-7 andre ledd. (3) I innkallinga skal dei sakene som skal behandlast, vere klart oppgitt. Framlegg til vedtektsendringar skal takast inn i innkallinga. Styret skal lage framlegg til sakliste i samsvar med lov og vedtekter.

Alle andelseiere med kjent adresse skal ha skriftlig innkalling til generalforsamlingen med informasjon om tid, sted og saksliste. Innkallingen skal vanligvis være fremme senest en uke før møtet, med mindre vedtektene sier noe annet.AI

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 5-3Bustadbyggjelagslova § 5-7

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 5-10 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →