Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-3. Delegerte

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 5. Generalforsamlinga

Delegerte

(1) I lag med fleire enn 500 andelseigarar kan det fastsetjast i vedtektene at andelseigarane skal vere representerte ved delegerte på generalforsamlinga. Det skal i så fall fastsetjast i vedtektene korleis dei delegerte skal veljast, og om det skal veljast varamedlemmer for desse. Andelseigarar som ville hatt møterett etter § 5-2 første ledd, har rett til å vere med på valet. Det skal veljast delegerte særskilt for andelseigarar i tilknytte burettslag og særskilt for dei andre andelseigarane. Tilnærma like mange andelseigarar skal ha rett til å vere med på valet av kvar av dei delegerte. Delegerte skal veljast før ordinær generalforsamling, og valet gjeld til neste val. Berre andelseigarar kan vere delegerte. (2) Delegerte kan ikkje møte ved fullmektig, men kvar delegert kan ta med ein rådgivar og kan gi talerett til rådgivaren.

I boligbyggelag med over 500 andelseiere kan vedtektene bestemme at medlemmene representeres av utvalgte delegater på generalforsamlingen. Kun andelseiere kan velges som delegater. Delegater kan ikke møte via fullmakt, men kan ha med en rådgiver.AI

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 5-2referert av 4

Sammenheng

Se også1
Referert av4

Koblinger for § 5-3 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →