Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-2. Møterett. Fullmektig

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 5. Generalforsamlinga·Sist endret 1. april 2021

Møterett. Fullmektig

(1) Alle andelseigarane har rett til å møte i generalforsamlinga. Andelseigarane som har teikna andel etter siste årsskiftet, har likevel ikkje rett til å møte. Andelseigarane kan velje å møte ved fullmektig som dei sjølve peiker ut. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein andelseigar. Møteretten kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna vis enn det som går fram av § 5-3. (2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg fullmakt. Fullmakta skal vere signert og datert. Fullmakta gjeld berre for den førstkomande generalforsamlinga om det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Andelseigaren kan når som helst kalle tilbake fullmakta. Første og andre punktum gjeld tilsvarande for tilbakekalling av fullmakta. (3) Kvar andelseigar kan ta med ein rådgivar og kan gi talerett til rådgivaren.

Alle andelseiere kan møte på generalforsamlingen, med unntak av de som kjøpte andel etter siste årsskifte. Man kan bruke en fullmektig eller ta med en rådgiver som kan få tale på møtet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 26 mars 2021 nr. 16 (ikr. 1 apr 2021 iflg. res. 26 mars 2021 nr. 966).

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 5-3omtalt i 1 kildereferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Nevnt i1

Koblinger for § 5-2 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →