Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6-15. Godtgjersle frå andre enn laget

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 6. Leiinga av laget

Godtgjersle frå andre enn laget

(1) Ein styremedlem, dagleg leiar eller ein tilsett i laget må ikkje i samband med arbeidet sitt for laget ta imot godtgjersle frå andre enn laget. Det same gjeld for godtgjersle frå laget som ein medkontrahent eller representant for medkontrahenten har stilt krav om. (2) Godtgjersle som styremedlem eller dagleg leiar ikkje kan ta imot, kan heller ikkje deira nærståande ta imot. (3) Godtgjersle som er avtala eller motteken i strid med forbodet i første eller andre leddet, skal laget ha. Det same gjeld avkasting av og eignedelar som er komne i staden for godtgjersla. (4) Ein styremedlem som ikkje er med på den daglege leiinga i laget, kan likevel som ledd i si næring vere mellomperson i forhold til laget mot vanleg godtgjersle når styremedlemmen ikkje samtidig representerer laget.

Styremedlemmer, daglige ledere og ansatte i et boligbyggelag kan ikke ta imot betaling fra andre enn laget for arbeidet de gjør. Dette gjelder også for deres nærstående. Ulovlig betaling tilhører boligbyggelaget.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 6-15 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →