Lov
Nynorsk
§ 6-4 a. Krav til kjønnssamansetjing i styret
Krav til kjønnssamansetjing i styret
(1) Føresegnene i denne paragrafen gjeld for bustadbyggjelag som på balansedagen for årsrekneskapen anten har:
1) samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner,
2) fleire enn 30 tilsette, som skal reknast likt som etter § 6-4, eller
3) meir enn 500 andelseigarar.
(2) Kjønnssamansetjinga i styret skal oppfylle følgjande krav:
1) Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.
2) Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.
3) Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.
4) Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.
5) Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.
(3) Andre ledd gjeld tilsvarande for varamedlemmer.
(4) Får eit lag plikt til å oppfylle krava til kjønnssamansetjing, skal styret seinast ein månad etter første etterfølgjande ordinære generalforsamling oppfylle krava til kjønnssamansetjing etter andre og tredje ledd.
(5) For styremedlemmer som dei tilsette skal velje etter § 6-4, gjeld krava til kjønnssamansetjing i § 6-4 b.
(6) Departementet kan i forskrift gi føresegner om kva som skal reknast som driftsinntekter og finansinntekter etter første ledd nr. 1.
Noter (1)
- EndringFøyd til med lov 29 juni 2007 nr. 81 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 23 nov 2007 nr. 1287), endra med lov 20 des 2023 nr. 114 (i kraft 1 jan 2024).
Se ogsåBustadbyggjelagslova § 6-4Bustadbyggjelagslova § 6-4 breferert av 3 →
Sammenheng
Referert av3
Koblinger for § 6-4 a i bustadbyggjelagslova.