Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9-13. Ugyldig samanslåing

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 9. Samanslåing av bustadbyggjelag·Sist endret 1. juli 2013

Ugyldig samanslåing

(1) Søksmål med påstand om at vedtak i laget om samanslåing skal kjennast ugyldig, må reisast før samanslåinga er registrert i Føretaksregisteret etter § 9-11. Søksmål som blir reist etter at fristen er gått ut, skal avvisast. (2) Blir det reist søksmål om at samanslåinga er ugyldig, skal tingretten gi laget ein frist på tre månader for å rette det tilhøvet søksmålet byggjer på. (3) Dom som kjenner vedtak om samanslåing ugyldig, har verknad for alle i laget. (4) Er vedtaket om samanslåinga meldt til Føretaksregisteret etter § 9-11, skal retten utan opphald melde dommen til Føretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på lagets kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. (5) Når vedtaket til generalforsamlinga blir kjent ugyldig, heftar laget solidarisk med dei andre laga som er med i samanslåinga, for skyldnader frå tida etter at samanslåinga skulle ha hatt verknad, og fram til kunngjeringa av dommen etter fjerde ledd.

Dette handler om hva som skjer hvis en sammenslåing av boligbyggelag er ugyldig. Et søksmål må være fremmet før sammenslåingen er registrert i Foretaksregisteret. En dom som sier at sammenslåingen er ugyldig, gjelder for alle i laget.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 5 sep 2003 nr. 92 (ikr. 1 jan 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1119), 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 9-11omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Se også1
Nevnt i1

Koblinger for § 9-13 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →