Lov
Nynorsk
§ 9-11. Gjennomføring av samanslåinga
Gjennomføring av samanslåinga
(1) Når fristen for motsegn etter § 9-10 er ute, og tilhøvet til kreditorar som har kome med motsegn, er avklart, skal det overtakande laget gi melding til Føretaksregisteret om at samanslåinga skal gjennomførast. Når samanslåinga er registrert, er samanslåinga gjennomført og det overdragande laget er oppløyst.
(2) Sjølv om tilhøvet til kreditorar som har reist motsegn, ikkje er avklart, kan tingretten etter kravsmål frå det laget krava gjeld, vedta at samanslåinga kan gjennomførast og meldast til Føretaksregisteret.
Når fristen for motsegn er ute og forholdet til kreditorar er avklart, skal det overtakande laget melde samanslåinga til Føretaksregisteret. Samanslåinga er gjennomført og det overdragande laget oppløyst når ho er registrert. Tingretten kan i visse tilfelle vedta at samanslåinga kan gjennomførast.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 9-11 i bustadbyggjelagslova.