Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9-10. Motsegn frå kreditor

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 9. Samanslåing av bustadbyggjelag

Motsegn frå kreditor

(1) Dersom ein kreditor med uomtvista og forfalle krav kjem med motsegn før fristen etter § 9-9, kan samanslåinga ikkje gjennomførast før kravet er betalt. (2) Ein kreditor med omtvista krav eller krav som ikkje er forfalle, kan krevje fullgod trygd for kravet dersom det ikkje er sikra slik frå før. Tingretten avgjer tvist om kravet er til, og om trygda er fullgod. (3) Tingretten kan forkaste krav om trygd etter andre leddet når det er klart at kravet ikkje er til, eller at utsiktene til dekning ikkje blir dårlegare på grunn av samanslåinga. (4) Kravsmål om avgjerd i tingretten må vere sett fram innan to veker etter at kreditor kravde betaling eller trygdgiving.

Hvis to boligbyggelag skal slås sammen, kan kreditorer med ubestridte og forfalte krav stoppe prosessen frem til de får betalt. Andre kreditorer kan kreve sikkerhet for kravene sine, og eventuelle uenigheter om dette avgjøres av tingretten.AI

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 9-9referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 9-10 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →