Lov
Nynorsk
§ 9-4. Innhaldet i planen for samanslåinga
Innhaldet i planen for samanslåinga
(1) Planen for samanslåing skal minst innehalde
1) føretaksnamn for laga, forretningskommunar, adresser og organisasjonsnummer,
2) frå kva tid transaksjonar i det overdragande laget i forhold til rekneskapen skal sjåast som gjorde for rekning av det overtakande laget,
3) kva rettar andelseigarane skal ha i det overtakande laget,
4) utkast til opningsbalanse for det overtakande laget. Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. Registrert eller statsautorisert revisor skal gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane.
(2) Planen skal òg innehalde framlegg til vedtektsendring i det overtakande laget. Nye reglar om rettar og plikter i laget skal vere oppgitt særskilt.
(3) I planen skal det fastsetjast at det overtakande laget skal overta forvaltninga av det overdragande laget så snart planen er godkjend av alle laga som er med i samanslåinga.
(4) Dersom to eller fleire lag blir samanslegne ved at det blir stifta eit nytt lag, skal planen innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande laget. Reglane i kapittel 2 gjeld tilsvarande så langt dei passar.
Denne regelen fastslår hva som må stå i en plan når to eller flere boligbyggelag skal slås sammen. Planen skal blant annet inneholde informasjon om selskapene, rettighetene til andelseierne og hvordan økonomien skal håndteres.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 6 juni 2003 nr. 38 (ikr. 1 mars 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1118, sjå § 13-3 i lova her).
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 9-4 i bustadbyggjelagslova.