Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 1. Verkeområde

Bustadoppføringslova·Kapittel I. Verkeområde m.m.·Sist endret 1. juli 2011

Verkeområde

Lova gjeld avtalar mellom entreprenør og ein forbrukar om oppføring av ny eigarbustad. Dette omfattar a) avtale om oppføring av bygning til bustadføremål og avtale om arbeid som vert utført direkte som ledd i slik oppføring, og b) avtale om rett til fast eigedom med ny eigarbustad når arbeid som entreprenøren står for, enno ikkje er fullført på avtaletida. Likt med dette skal reknast avtale om vidaresal av slik rett. Kapittel IX gjeld avtalar mellom ein konsulent og ein forbrukar om planlegging av oppføring av bygning til bustadføremål eller planlegging av arbeid som vert utført direkte som ledd i slik oppføring. Oppføring av ny eigarbustad omfattar her i lova òg oppføring av fritidshus. Eigarseksjon vert rekna som eigarbustad. Full ombygging skal reknast likt med oppføring.

Lova gjeld avtalar mellom ein entreprenør og ein forbrukar om å byggje ny eigarbustad. Dette inkluderer også fritidshus, eigarseksjonar og full ombygging. Lova omfattar også planlegging av slike bustadprosjekt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 21 juni 2002 nr. 34 (ikr. 1 juli 2002), 10 des 2010 nr. 74 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 10 des 2010 nr. 1570, med verknad for avtalar om videresal inngått etter 1 juli 2011).

omtalt i 3 kilderreferert av 12

Sammenheng

Referert av12
Nevnt i3

Koblinger for § 1 i bustadoppføringslova.

Les hele loven i sammenheng →