Lov
Nynorsk
§ 47. Forskotsbetaling
Forskotsbetaling
Avtale om at forbrukaren skal betale avdrag eller forskot på entreprenørens vederlag, gjeld berre så langt
a) verdien av arbeid som er utført på eigedomen, saman med materialar som er tilførte eigedomen, minst svarer til det som til kvar tid er betalt,
b) det ikkje kviler salspant eller andre hefte på materialar som er innbygde eller tilførte eigedomen, og som skal betalast ved avdraget, og
c) minst ein tiandedel av vederlaget ikkje skal betalast før overtakinga.
Ved avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), kan det berre avtalast forskotsbetaling etter første ledd dersom betalinga skal skje etter at forbrukaren har fått overført heimelen til eigedomen utan andre hefte enn dei som forbrukaren skal overta, eller det er stilt garanti som nemnd i tredje ledd.
Sjølv om vilkåra i første ledd bokstav a og b ikkje er oppfylte, kan det avtalast at forbrukaren skal betale avdrag mot sjølvskuldgaranti frå ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. § 12 sjette og sjuande ledd gjeld tilsvarande.
Reglene bestemmer når en forbruker må betale avdrag eller forskudd til en entreprenør. Betaling kan normalt bare skje dersom arbeidet som er utført tilsvarer beløpet som er betalt, og en del av summen holdes tilbake til overtakelsen.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 10 des 2010 nr. 74 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 10 des 2010 nr. 1570, med verknad for garantiavtalar inngått etter 1 juli 2011), 16 des 2016 nr. 94 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1585).
Se ogsåBustadoppføringslova § 12 første leddBustadoppføringslova § 1omtalt i 5 kilder →referert av 4 →
Sammenheng
Referert av4
- Forskrift om eiendomsmegling § 1-5 første leddNærmere regler om formidling av kontraktsposisjoner til fast eiendom
- Forskrift om eiendomsmegling § 6-5Oppdragstakerens plikter ved gjennomføring av handelen
- Bustadoppføringslova § 12 første leddGaranti for oppfylling av avtalen
- Bustadoppføringslova § 55Entreprenørens krav ved forseinking
Nevnt i5
- Innst. 189 L (2017–2018)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Lovvedtak 20 (2016–2017)Vedtak til lov om endringer i bustadoppføringslova mv. (tidspunktet for garantistillelse)
- Innst. 82 L (2016–2017)Innstilling til Stortinget fra justiskomiteen
- Lovvedtak 8 (2010–2011)Vedtak til lov om endringar i bustadoppføringslova og avhendingslova (skjerping av garantireglar og regulering av vidaresal)
- Innst. 74 L (2010–2011)Innstilling fra justiskomiteen om endringar i bu-stadoppføringslova og avhendingslova (skjerping av garantireglar og regulering av vidaresal)
Koblinger for § 47 i bustadoppføringslova.